A Travellerspoint blog

illha Grande(Brazil) & Iguazu falls(Argentina)

sunny 25 °C

Å vera på tur med australiensk kjærest vil sei at eg snakkar norsk kun når eg ringer heim, så dermed blir det eit norsk blogg innlegg denne gongen...så får eg vedlikeholdt norsken :)
Sidan sist har me hatt 2 stopp, Illha Grande og Puerto Iguazu....

Illha Grande:
Tre ord: sjarmerande, nydelig, jungel. Ok, et par ord til...strender, klar sjø, hunder...

På øya bur også Brasils snillaste dame og me var så heldige at me fekk bu på hennas hostel.(overnative green hostel) Når ein reisar øve så lang periode trenger ein slike plasser innimellom. Som regel er ein og føler ein seg som fremmad i eit nytt land, men hos Christina følte eg meg heime. Kvar dag stod ho på kjøkkene og laga i stand dei deiligaste middager som me alle spiste i lag på kvelden og kvar morgon var det deilig frukost å våkne opp til. Altid blid og smilande. Når jogge skoa mine var våte passa ho på å tørke dei. Ein av dagane regna det katter fra morgon til kveld...då rigga me oss til alle "backpackarene" i stova for film-formiddag. Då kjeme Christina smilande inn med ei stor skål popcorn til oss. Så illha Grande blir huska for altid, mest på grunn av den snillaste damo i Brazil :)

Uten om popcorn og film så var me meir aktive dei 6 dagane på øya enn me har vore dei siste 3 månedane. Ein må nemlig gjennom 3 timar jungel tur for å nå dei nydelige strendene. (Lopez mendes & Dois Rios) På turen til Dois Rios fekk me lojalt reisefølge av 2 søte hundar som gjekk med oss heilt fra sentrum til stranda (2 timar ein vei) og som låg fint å venta på oss til me traska oss heim, då var dei foran oss og guida vei tilbake til sentrum...det som var litt artig var at dei passa sånn på oss. Høyrte dei nåke inne i skogen for dei inn for å jage det vekk, så kom dei tilbake og gjekk fint ved sidan av oss igjen. Eg prøvde eit par gonger å springe foran dei, men det var ikkje på tale...dei sku leda vei, så eg måtte berre vike unna! :)

Reisefølget vårt:
DSC00605.jpg

Ikkje akkurat up to date??!
DSC00608.jpg

Nydelige Dios:
DSC00594.jpg

Spansk oversatt til Engelsk. Klarer du å oversette det til Norsk????
DSC00611.jpg

På Illha grande er det tusenvis av hunder...kanskje ikkje tusen, men det føltes ut som tusen. Dei var nemlig øver alt!! Og ofte i dei særaste fasongar. Pga alle hundane (min teori) får dei tydeligvis unger på tvers av rasene og resultatet blir eit utrulig artig syn...pølsehund er jo igrunn morsomme i utgangspunktet, men tenk deg resultatet av pølsehund og rottweiler...??!!! Ikkje så morsomt for sjølve hunden, men god underholdning for tursistar. :)

I Brazil (vertfall på illha Grande) kan du få kjøpt 1 liter Braziliansk rom til samme pris som 1 liter vann. Så då måtte me sjølvsagt ha caprinha kveld på hostellet...som by the way må vera den skumlaste drinken med tanke på at den kun består av rom, sukker og lime!!!! :) James var sjølvsagt bartender.

Neste stopp på ruta var Puerto Iguazu for a sjå dei berømte fossefallene "Iguazu falls". Det er nesten umulig å få sagt med ord kor utrulig det var å stå på tuppen av ein av verdas største foss...eg var ikkje så veldig høg i hatten der eg stod på ei bru med hundrevis av tonn vann dundrande under meg. Det er slike opplevelsar ein aldri vil klare å fange med eit kamera men som rett og slett berre må opplevast. Eit par bilder måtte eg ta:

Det var millionar av sommarfuglar i nasjonalparken, og dei var velvillig til posering for kamera:
DSC00695.jpg

DSC00705.jpg

DSC00683.jpg

DSC00686.jpg

DSC00741.jpg

Sommarfuglar:
DSC00719.jpg

Akkuart no sit me på ein buss til Rosario, ein liten by 4 timar nord for Buenos aires. For øyeblikket er reisefølget vårt snille Boden fra Melbourne! Det er laaaaange strekninger, men her og der så kan det vera ganske så spennande...som for 5 min sidan når James plutselig snur seg og seier "I saw a crocodile!!!" (og det var ikkje i ein dyrepark!!!)
Så langt har Argentina vore ein drøm....det er sååå mykje billigare en Brazil, å då snakke me 20 kr for ei flaska med god kvalitets vin! :) Men meir om vin neste veka.....

-Tonje, that is loving argentinian wine-

Posted by Oreo 15:16 Archived in Brazil

Email this entryFacebookStumbleUpon

Table of contents

Be the first to comment on this entry.

This blog requires you to be a logged in member of Travellerspoint to place comments.

Enter your Travellerspoint login details below

( What's this? )

If you aren't a member of Travellerspoint yet, you can join for free.

Join Travellerspoint